søndag 1. januar 2017

Godt nyttår til deg også

Godt nyttår ropar me og klemmer kvarandre.

Eg ser på fyrverkeriet som smell over meg og tenkjer på før i tida då eg i akkurat like augneblink tenkte på det eg drøymde om, på den eg ønska skulle kysse meg, på den eg sakna, på året som hadde gått, og på det eg håpa skulle skje i det komande året.

Godt nyttår. Seier me. Og sprettar ei ny flaske musserande. Deler den med eit sugerør kvar, ned i flaska.

Og eg tenkjer på året som har gått, nedturane som har vore, at eg er utan jobb, har hatt nok eit år utan kjærast. Men, eg håper litt likevel. At det skal bli betre, det neste året. Det skal likevel ikkje så mykje til for at det blir nettopp betre.

Fyrverkeriet smell høgt, pengar opp i lufta, hundretusener, pengar me like gjerne kunne ha sett fyr på. Eller gitt vekk til dei som treng det som mest.

Men, så er det litt fint også. Å sjå fyrverkeri. Få ein ny start.

Det skal gå bra. Me skal klare dette.

Det er eit nytt år.

Eg får kanskje jobb.
Eg får kanskje vere med han som eg tenkte på denne gongen.

Og eg smiler.

For eg har det bra. Akkurat då.
Og det kjenner eg, og konstaterer for meg sjølv.
Jo.

Eg har det bra.

Og det nye året skal bli betre enn det som var.

Godt nyttår seier me, og jublar.

torsdag 3. november 2016

Og kvar gong han har vore her vaskar eg sengetøy

Det er fint også, når han kjem, legg seg ved sida av meg, stryk meg på ryggen, pratar med bass inn i nakken min, puster meg i øyra. Det er på ein måte fint. Litt.

Eg likar det også, at han vil komme, at han kjem. Han prøver jo, vil. Iallfall litt. Og det er fint.

Han kjem, han går. Og kvar gong han har vore her vaskar eg sengetøy.

mandag 11. januar 2016

Lykke

Det må vera stabilt.
Må vera bra. Roleg. Energisk. Ut av det blå. Akkurat som venta.

Det må vera trygt. Og litt farleg. Mest av alt skummelt. Å trå uti. For å vera glad.

Risiko. Å ta handa di. Kjenne etter om du held henne fast. Eller om du trekker deg vekk frå meg.

Og så endar alt i ei latterkrampe. Du spør kvifor eg ler.

Og eg ler.

Så få timar sidan tårene rann. No ler eg. Og eg vil ikkje stoppe.

Me har akkurat byrja. No er det lykke. Det gjer det heile verdt det.

tirsdag 15. desember 2015

Om å gi, om å få

Eg gir og gir og gir og gir
Eg er gira
Full fres
på deg, mot deg, med deg

Eg gir til deg fordi eg vil
Får lite tilbake
Berre litt
av deg, frå deg, ved deg

Du stryk meg i håret, seier
eg er fin
Smiler litt
til meg, mot meg, med meg

Eg vil ha deg meir enn alt
Og eg gir

søndag 11. oktober 2015

utkast

Ho har alltid hatt nokre få materielle ting ho berre må ha med seg for å kjenne seg heime, men denne gongen står ho utan noko som helst. Ho veit ho har heile livet framføre seg, og likevel kikkar ho seg heile tida over skuldra, ser bak i tid. Det som er der framme er skumlare enn noko anna, ho vil ikkje møte det. Ho må, men ho vil ikkje, torer ikkje, maktar ikkje. Det er så mykje som har skjedd i det siste at det kjennest som om nokon har latt ein tornado slå seg laus på alt og alle rundt ho. Det er kaos, og alt ho tenkjer på er at ho ikkje har sove på fire dagar.

søndag 20. september 2015

du snudde deg vekk

du snudde deg vekk
var som ein vegg
svarte ikkje då eg spurte
visste ikkje om du turte
blikket i bakken
knekk i nakken
det skulle vera takken
tok frakken og gjekk ut døra
tok bilen, begynte å kjøra
visste eigentleg alt får før av
eg og du skulle aldri bli
du skulle ha sett meg fri
for lenge sidan, men du ville ikkje
haldt meg i band som ei bikkje
no er eg fri og heilt ute av livet ditt
men du har enno noko som er litt mitt
du tok kjensler, sjølvkjensle og smilet
men no får eg endeleg kvile
du haldt meg vaken om nettene
tok søvnen, tankane, og energi
eg skulle aldri ha vore di

lørdag 9. mai 2015

angst?

er det angst når nokon spør om eg vil vera med, og eg trur dei ikkje meiner det?
er det angst når eg kan gå på til fest, og trur det ikkje kjem til å gå bra?
er det angst når eg tenkjer at eg ikkje burde gå?
er det angst når eg blir heime?

er det angst når eg sprettar ei øl åleine?